Hopping på vatnet i Kjøsnesfjorden

Vannsport

Hopping på vatnet i Kjøsnesfjorden

Hopping på vatnet på Sægrov

På Sægrov i Kjøsnesfjorden har vi laga eit hopp med overrenn nede ved vatnet slik at det er mogleg å hoppe med ski på vatnet om sommaren. Om de er ein gjeng som ønskjer å teste dette så er prisen kr. 300,- per person som hoppar. Det er og mogleg å låne skiutstyr og våtdrakt for tillegg i prisen.

Festival i august

Vi arrangerer og ein festival med skihppping på Jølstravatnet på Sægrov på slutten av sommaren. Der samlast vi og konkurrerer om kven som får dei "beste" skihoppa på Jølstravatnet i "skianlegget på Sægrov". Sjå film frå hoppinga i 2018 i videoen under.

Hopping på vatnet i Kjøsnesfjorden

Kanopadling på Håheimsvatnet

Vi har ein Bergans Ally 18' kano med plass til 4 personar som de kan leige på Håheimsvatnet. Pris er kr. 300,- pr. tur. Redningsvest inkludert i prisen.

Frå Skei skule og inn til Grungen er det samanhengande små vatn der det er mogleg å padle med kano. Nokre av kanalane mellom vatna er litt gjengrodd med buskar og trær, men det er mogleg å padle mellom fleire av dei.

Alle vatna på strekninga er og fine fiskevatn om de vil prøve fiskelukka.

Kano og ørret ved Håheimsvatnet

© Jølster Adventure 2021